Høyanger kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Helgestunder

07.12.2018

Helgestunder

Det vert ikkje noko julenummer av Helgestunder i 2018

Til lesarar av Helgestunder

På grunn av Posten sine endra reglar, og fristar for postinnlevering før jul, rakk vi ikkje å sende ut Julenummer av Helgestunder i  desember 2018 slik vi planla. Vi seier oss leie for dette.

Neste nummer av Helgestunder kjem i midten av februar 2019, og vert eit Påskenummer, som også inneheld stoff om bispevisitasen, kyrkjejubileet på Kyrkjebø og soknerådsvalet 2019.

Datoar for gudstenestene  første halvår 2019 er publisert på heimesida vår www.hoyanger.kyrkja.no, og kjem fortløpande i Firda og med oppslag ved den enkelte kyrkja.

Vi ynskjer alle våre lesarar ei God Jul!

Kyrkjeverje Bjørnar Otterstein