Høyanger kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
KYRKJEJUBILEUM

07.12.2018

KYRKJEJUBILEUM

Ei gåve til Kyrkjebø kyrkje sitt 150 års jubileum??!

Ei gåve til Kyrkjebø kyrkje sitt 150 års jubileum??!

I 2019 er det 150 år sidan noverande Kyrkjebø kyrkje vart bygd. Soknerådet og jubileumsnemnda har laga eit godt og variert program for jubileet. Dei ulike arrangementa fordeler seg litt utover året, men hovudmarkeringa er lagt til 6. oktober.  Då er det invitert ei rekkje personar som tidlegare har gjort teneste i kyrkja.  Til jubileet vert det og laga eit jubileumsskriv som snart er klart til å trykkast.

Alt dette kostar pengar, og så langt har Kyrkjebø sokneråd kun fått støtte frå Høyanger kommune, med kr. 30 000. Det er veldig flott, men vi må nok jobbe vidare med å skaffe meir midlar også frå andre kjelder. Dersom du vil vere med på ei lita kronerulling, er vi svært takksame for det! 

Gåver som enkeltpersonar gjev til Den norske kyrkja  gjev rett til skattefritak dersom:

Gåva er på minst kr. 500,- og max. 30 000 pr. år, og gåva vert innrapportert elektronisk til Skattedirektoratet (sjølvmelding)

Dersom du vil gje ei gåve til Kyrkjebø kyrkje sitt 150 års jubileum kan du nytte Høyanger Kyrkjelege fellesråd sitt kontonummer 3705.24.53659, og du må merkje innbetalinga med «Jubileumsgåve Kyrkjebø kyrkje»

Kyrkjeverje Bjørnar Otterstein