Høyanger kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
Babysong i Ortnevik

12.06.2019

Babysong i Ortnevik

Mange kyrkjelydar i Den norske kyrkja har tilbod om babysong. No er vi så heldige på Høyanger sørside at det er født så mange born at det kan gje grunnlag for ei gruppe med born og foreldre. Camilla Merkesvik Ådland, som  har gode musikalske føresetnader, har sagt seg villig til å leie babysong kvar 14. dag på grendehuset i Ortnevik.  Borna får høve til å bruke sansane, og uttrykke og utfalde seg musikalsk. Ein vil synge og lære enkle, kjende og nye barnesongar, rim og regler. Glede, fellesskap og samspel er stikkord. Songstunda byrjar kl. 11.30. Etterpå vert det prat og mat. Det er ingen krav til songstemme. Alle syng med den stemma ein har. For din baby er din stemme den vakraste i verda! Første samlinga blir tysdag 20. august.  Kyrkjelydspedagog

Toril Lange.