Høyanger kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
SVAR PÅ SPØRSMÅL OM FESTEAVGIFTER

08.07.2019

SVAR PÅ SPØRSMÅL OM FESTEAVGIFTER

Fredningstida for graver i Høyanger er 30 år.

Ved å gravlegge ein person i såleis familiegravstad som vart festa.  Vill festaren bestemme om festa graver skal nyttast oppatt, og kven som skal gravleggjast der. For festa graver kan det krevjast festeavgift, og i Høyanger er den kr. 250 pr. år pr. grav.

Det er viktig å vere klar over kva som er skilnaden på ei festa grav, og ei fri grav (tilvist grav)

Ei fri grav er ein rett som alle innbyggjarar i kommunen har, og denne frie grava er det fellesrådet v/kyrkjeverja som tilviser der det er plass på kyrkjegarden. Ref. § 6 i Gravferdslova.

Når den frie grava vert teken i bruk, er det mogeleg for pårørande å sikre seg plass ved sidan av, til att-levande ektefelle. Det kan dei oppnå ved å feste nabograva, dersom den er ledig. Desse to gravene kan då knytast saman til ein gravstad, som festaren, ikkje fellesrådet rår over. Festaren får altså ein eksklusiv rett til å bestemme kven som skal gravleggast i den festa grava, og når dette skal skje.  § 14-19 i Gravferdslova.

Ei festa grav som ikkje er teken i bruk, kan slettast og tilbakeførast til kyrkjeleg fellesråd når som helst. Men når ei festa grav først er teken i bruk, kan den ikkje slettast før fredningstida er ute, og ei festa grav kan ikkje på nytt bli fri, utan at den blir sletta. Festaren må betale festeavgift for den festa grava gjennom heile fredningstida fram til at grava vert sletta. Dersom ei festa grav utan forutgåande sletting vert nytta til ny gravlegging, går festet utan avbrot gjennom heile fredningstida til også den sist gravlagde§§ 16 og 17 i forskrift til gravferdslova.

I 2015 vedtok Høyanger kommunestyre regulering av satsane for festeavgift i kommunen, og det vart då knytt eit vilkår til avgiftsauken: «Kommunestyret vedtek at når ei festa grav vert teken i bruk, vert retten til fri grav gjort gjeldande. Endringa gjeld frå 01.01.2015.»

Her går det klart fram at for festa graver som vert tekne i bruk etter 01.01.2015, skal ein berre betale festeavgift fram til det tidspunkt grava vert teken i bruk.

Festa graver som er blitt tekne i bruk før 01.01.2015, er såleis ikkje omfatta av kommunestyrevedtaket.

 

Ta kontakt om det er noko de har spørsmål om.