Høyanger kyrkjelege fellesråd > Bispevisitas > Høyanger og Kyrkjebø
Visitasforedrag ved bispevisitasen i Høyanger og Kyrkjebø 5. -7. og 10. mars 2019

Bispevisitasen starta den 05. mars, med lunsj saman med staben og samtale med sokneprest, kyrkjeverje og kantor. 

Seinare på kvelden var det kulturkveld i Høyanger kyrkje. Der hadde biskopen samtale med elevar ved vidaregåande skule, Høyang Vocalis og KUL-koret. Arthur Hovland framførte fleire av sine eigne flotte songar.

 

Den 06.mars om morgonen var det skulegudsteneste i Høyanger kyrkje for 1. - 10.  klasse. Etterpå hadde biskopen spørjetime med dei eldste elevane. 

 

Turen gjekk deretter til Vadheim. Her fekk biskopen servert lunsj på Sogn Hotell og hadde møte med prestane i Sunnfjord på Vadheim bedehuskapell. 

Tilbake i Høyanger på ettermiddagen hadde biskopen møte med soknerådsleiarane I Høyanger Kyrkje, og samrådingsmøte med kyrkjelege råd og tilsette på kvelden.

 

7. mars vart det arrangert møte først med kommunen, og så med personalet ved Høyanger sjukeheim. Det var også songandakt på sjukeheimen med lunsj i kantina, der biskopen fekk møte bebuarane.

Deretter fekk biskopen besøke Hydro og Galleri Gundersen i Byporten, og fekk omvising der. Dagen slutta med møte med lærarar i Aulaen i Høyanger skule.

 

10. mars var det visitasgudsteneste  i Kyrkjebø kyrkje med visitasforedag og kyrkjekaffi til slutt.

  

 

Skulegudsteneste

Spørjetime med dei elste elevane

Visitasgudsteneste i Kyrkjebø Kyrkje