Høyanger kyrkjelege fellesråd > Informasjon til publikum vedrørande Korona-virus
Velkomen attende til kyrkja

Vi er no godt i gang med gudstenester og andre kyrkjelege tenester i kyrkjene våre. Frå 15. juni har regjeringa opna for inntil 200 deltakarar, men i praksis er det diverre ikkje plass til så mange i kyrkjene våre når vi skal halde 1 meter avstand mellom enkeltpersonar/ husstandar.

Sist oppdatert: 22.06.2020

 

Når det no er opna opp att for meir aktivitet i kyrkja, så er må vi framleis ta omsyn til dei reglane og restriksjonane som gjeld, og smittepresset det eventuelt er i det einskilde sokn.

På nettsidene til KA (Kirkens Arbeidsgiver- og interesseorganisasjon) finn du oppdatert informasjon som gjeld kyrkjer: www.ka.no/nyheter/korona

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovedprinsipp:

  • Sjuke personer skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Gode rutinar for hygiene, handvask og reinhald.
  • Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltek.
  • Tilstrekkeleg bemanning til stades.

Kyrkjene våre er av ulik storleik, og  når det no er opna for fleire deltakarar er det einmetersregelen i kombinasjon med storleiken på grupper frå same husstand som avgjer kor mange det er plass til. Det er difor ikkje sett noko fast tal per kyrkje. Les meir om dette i artikkelen "Tal frammøtte ved tenester i kyrkjene"

Under finn du meir informasjon som kan vere nyttig å setje seg inn i.

Kva gjeld for fest privat eller på offentleg stad?

Smittevernråda for sosiale arrangement i haust:

Sist oppdatert: 12.08.2020

Folkehelseinstituttet har laga enkle reglar, les deg opp her

Du kan også lese om smittevernråd på helsenorge.no 

KYRKJELEGE ARRANGEMENT

For å avgrense risiko for smitte, er det ein del som vert annleis frå det vi er vane med ved kyrkjelege handlingar:

Sist oppdatert: 22.06.2020

Generelt:

  • Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades ved arrangement.
  • Handsprit er sett ut ved inngang og på ulike stader i kyrkjerommet.
  • Det er avgrensa bruk av kyrkjekaffi

Ofring:

Det vert ikkje høve til å gje offer ved bruk av kontantar. Våre kyrkjer nyttar Vipps som ein kan nytte til ofring. Det vert opplyst om kvar kyrkje sitt Vipps-nummer ved arrangement. 

Salmebøker:

Etter at vi ein periode ikkje nytta salmebøker, er det frå 15. juni opna for å bruke salmebøker som har stått i karantene i minst eit døger etter førre bruk. Ofte går det minst ei veke mellom kvar gong salmebøkene er i bruk.

Ved vigsel og gravferd vert eigne programark nytta.

For meir info om ulike tenester i kyrkja og tal frammøtte, sjå eigen artikkel om tal frammøtte.

Gjennomføring av nattverd

Ved nattverd nyttar ein eingongsbeger eller særkalkar som vert sett fram på eit bord der utdelinga skal skje. Vi oppmodar nattverdsgjestene om å stå ved sidan av annakvar benk for å halde avstand.

Sist oppdatert: 22.06.2020

Når ein kjem fram til utdeling, slepp liturgen ein oblat i begeret eller handa di (utan kontakt) og seier «Dette er Jesu lekam.» Du som kjem til nattverd et oblaten og går fram for medliturgen som heller vin i begeret og seier: «Dette er Jesu blod»

Liturgen seier: Fred vere med deg og lyser velsigninga når nattverdshandlinga er ferdig.

Den som har motteke nattverden kastar eingongsbegeret i ei bøtte med søppelpose i før dei går vidare - eller set særkalken på brett på eige bord.

Registrering av deltakande ved kyrkjelege arrangement

I Covid-19-forskrifta §13 står det følgjande: «Arrangøren skal ha oversikt over hvem som er til stede, for å kunne bistå ved en eventuell senere smittesporing. Dersom det for å finne tilbake til deltakerne er nødvendig å nedtegne en egen oversikt, skal denne slettes etter 10 dager.»

Sist oppdatert: 15.05.2020

Det er såleis krav om at vi held ein oversikt over deltakarar på arrangementa våre. Denne oversikta vert oppbevart i låst rom i 10 dagar. Dersom det i etterkant av eit arrangement viser seg at det var smitta personar tilstades, kan ein slik fylgje desse opp.

Når du kjem til kyrkja, vil du bli spurt om å seie namnet ditt, og dette blir så skrive ned på ei liste. Etter 10 dagar vert lista makulert.

Ein-til-ein samtalar

Diakon og prest har på ulike måtar halde fram med samtalar og besøk i tida som har gått. Ein kan no også her opne opp for meir aktivitet av denne art, men her må også smittevernet oppretthaldast.

Sist oppdatert: 15.05.2020

  • Det skal vere tilgjengeleg handvask eller handsprit ved inngang/utgang til lokalet, både for tilsette og besøkande.
  • Unngå handhelsing og anna unødvendig fysisk kontakt. Dette omfattar spesielt nær ansikt-til-ansikt kontakt.
  • Dersom ein besøkande utviklar symptom på akutt luftvegsinfeksjon under samtalen skal den besøkande få på seg munnbind og samtalen avsluttast.
Barne- og ungdomsarbeid

Så langt det er mogleg skal ein forsøke å oppretthalde kontakt med born og unge på ulike digitale plattformer, med særleg merksemd på born og unge i sårbare situasjonar.

Sist oppdatert: 15.05.2020

Ved oppstart av fysiske samlingar for born og unge, skal arbeid med årets konfirmantar prioriterast.

Om mogleg, vil ein leggje om innandørs-aktivitetar til utandørs-aktivitetar, då dette inneber mindre smitterisiko.

Ein vil unngå at arrangementa inneheld fellesmåltid. Dersom det er behov for måltid/servering er det anbefalt at den enkelte tek med seg mat og drikke.

izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort