Høyanger kyrkjelege fellesråd > Livsvegen > Dåp
Dåp

Informasjon om dåpDåp

Dåpen er ei feiring av livet. I dåpen blir vi bore fram for Gud, enten vi er små eller store.

 

Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider.

Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge barnet alle dagar.

 

Dersom du bur i Høyanger og ynskjer å døype eit barn her må du gjerne ta kontakt for å avtale kva gudsteneste som er aktuell. Når det er avklara bed vi om at du fyller ut og sende inn dette skjemaet: SKJEMA - Innmelding av dåp i Høyanger.

 

Dersom du bur ein annan stad enn Høyanger, men likevel ynskjer å døype barnet ditt her kan du ta kontakt med kyrkjekontoret via telefon eller e-post og avklare aktuelle gudstenester (sjå gudstenesteplanen på framsida). Deretter tek du kontakt med ditt lokale kyrkjekontor. Ein prest der du bur vil så ha dåpssamtale med foreldre og den lokale kyrkjelyden har ansvar for vidare oppfølging etter dåpen.

 

Om du klikkar her finn du generell informasjon om dåpen frå Den norske kyrkja sentralt (www.kyrkja.no).

 

Ta kontakt om det er noko de har spørsmål om.