Høyanger kyrkjelege fellesråd > Livsvegen > Gravferd

GRAVFERD

Mange kjensler melder seg i møte med død og gravferd. Dei som står nærmast må òg forhalde seg til ein rekke praktiske, juridiske og økonomiske spørsmål. I løpet av kort tid må det blant anna takast val for seremoni, gravferdsform og kor gravlegging skal finne stad. Vi vil her prøve å informere om nokre viktige forhold som det er bra å kjenne til for gravferd.


Les meir om kyrkjeleg gravferd på Den norske Kyrkja sine nettsider på kyrkja.no ved å klikke HER.

Tid og stad for planlagde gravferder i Høyanger kommune denne og komande veke finn du ved å klikke HER

 

Aktuelle gravferdsbyrå ved gravferd i Høyanger (alfabetisk):

Gravferdsforvaltning - gravplassane i Høyanger kommuneTjugum kyrkjegard

Sokneråda står for den offentlege gravferdsforvaltninga for alle innbyggarane i Høyanger. I det daglege er ansvaret delegert til kyrkjeverja.

 

Filer til nedlasting:

Gjeldande gravferdsavgifter i Høyanger kyrkjelge fellesråd. Gravferdsvgifta kjem inn ved gravlegging av personar som ikkje var folkeregistrerte i Høyanger kommune. Alle som bur i kommunen har rett på fri enkeltgrav i kommunen. Dersom ein ynskjer gravlegging i ei bestemt grav, t.d. attmed ektefelle, må ein betale festeavgift for å halde av denne grava.

 

Kart over gravplassane og søk etter gravlagde

Det er åtte gravplassar i Høyanger kommune. Ved å klikke på den enkelte kyrkjegard under vil du få opp eit bilete som viser plassering av gravfelt og rekkjer (feltkart):


SØK etter opplysningar om gravlagde i Høyanger

Ved å klikker her kjem du til ei side der du kan SØKE etter opplysningar om gravlagde på kyrkjegardane våre. Ut frå delar av eit namn kan ein finne fullstendig namn, fødselsdato, dødsdato, gravlagd dato og gravident. Dei opplysningane som ligg på Internett er i hovudsak dei same som ein kan finne ved å gå på gravplassane og lese på gravminna. Ein kan også sjå plasseringa av grava på eit logisk /skjematisk kart.

Gravidenten er oppbygd slik: 02.D.11.015 - Kyrkjegardsnummer.Felt.Rekkje.Gravnummer. Felt og rekkenummera finn du att på feltkarta som er nemnde lenger oppe på sida. Kyrkjegardsnummera er 01 Søbøe, 02 Kyrkjebø, 03 Vadheim, 04 Tunga (Høgereina), 05 Lavik, 06 Ikjefjord, 08 Bjordal og 09 Ortnevik.

Dersom du skulle få opp "sletta" på ein person du søkjer etter, tyder det at grava har gått attende til kyrkjegarden. Gravlagde som er registrerte som "sletta" kan i fleire tilfelle framleis ha namnet på ein gravstein som står ein annan stad på kyrkjegarden. Det er alltid den sist gravlagde som vil vere registrert på ei grav slik at dersom ein son er gravlagt i grava til mor si, vil mora si grav stå oppført som "sletta".

 

Lekkje til gravferdslova med forskrift:

Gravferdslova (LOV 1996-06-07 nr 32: Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd)
Gravferdsforskrifta (Forskrift til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd)


SVAR PÅ SPØRSMÅL OM FESTEAVGIFTER

Fredningstida for graver i Høyanger er 30 år.

Ved å gravlegge ein person i såleis familiegravstad som vart festa.  Vill festaren bestemme om festa graver skal nyttast oppatt, og kven som skal gravleggjast der. For festa graver kan det krevjast festeavgift, og i Høyanger er den kr. 250 pr. år pr. grav.

Det er viktig å vere klar over kva som er skilnaden på ei festa grav, og ei fri grav (tilvist grav)

Ei fri grav er ein rett som alle innbyggjarar i kommunen har, og denne frie grava er det fellesrådet v/kyrkjeverja som tilviser der det er plass på kyrkjegarden. Ref. § 6 i Gravferdslova.

Når den frie grava vert teken i bruk, er det mogeleg for pårørande å sikre seg plass ved sidan av, til att-levande ektefelle. Det kan dei oppnå ved å feste nabograva, dersom den er ledig. Desse to gravene kan då knytast saman til ein gravstad, som festaren, ikkje fellesrådet rår over. Festaren får altså ein eksklusiv rett til å bestemme kven som skal gravleggast i den festa grava, og når dette skal skje.  § 14-19 i Gravferdslova.

Ei festa grav som ikkje er teken i bruk, kan slettast og tilbakeførast til kyrkjeleg fellesråd når som helst. Men når ei festa grav først er teken i bruk, kan den ikkje slettast før fredningstida er ute, og ei festa grav kan ikkje på nytt bli fri, utan at den blir sletta. Festaren må betale festeavgift for den festa grava gjennom heile fredningstida fram til at grava vert sletta. Dersom ei festa grav utan forutgåande sletting vert nytta til ny gravlegging, går festet utan avbrot gjennom heile fredningstida til også den sist gravlagde. §§ 16 og 17 i forskrift til gravferdslova.

I 2015 vedtok Høyanger kommunestyre regulering av satsane for festeavgift i kommunen, og det vart då knytt eit vilkår til avgiftsauken: «Kommunestyret vedtek at når ei festa grav vert teken i bruk, vert retten til fri grav gjort gjeldande. Endringa gjeld frå 01.01.2015.»

Her går det klart fram at for festa graver som vert tekne i bruk etter 01.01.2015, skal ein berre betale festeavgift fram til det tidspunkt grava vert teken i bruk.

Festa graver som er blitt tekne i bruk før 01.01.2015, er såleis ikkje omfatta av kommunestyrevedtaket.

 

Ta kontakt om det er noko de har spørsmål om.