Høyanger kyrkjelege fellesråd > Livsvegen > Konfirmasjon
Konfirmasjon

Ei tid for nye opplevingar

Ordet konfirmasjon kjem av det latinske verbet confirmare, som betyr å styrke, stadfeste, stadfeste eller «å gjere sterk».

Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig.

Konfirmasjon er ein gammal tradisjon for å markere overgangen frå barn til voksen. Den norske kyrkje si ordning for konfirmasjon er i dag ei forbønshandling med stadfesting av Guds lyfter ved dåpen.

I konfirmasjonstida får du moglegheita til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv.

Å vere døypt er eit utgangspunkt for å delta i sjølve konfirmasjonsgudstenesta, men alle kan delta i konfirmasjonstida i Den norske kyrkje. Konfirmasjon og dåp heng saman. Derfor blir mange unge døypt i løpet av konfirmasjonstida.

 

LES OM KYRKJELEG KONFIRMASJON PÅ DEN NORSKE KYRKJA SI HEIMESIDE "KYRKJA.NO".

Konfirmasjonsdagar 2020

Høyanger: 12. september, klokka 1200.

Kyrkjebø: 19. september,  klokka 1200.

Vadheim: 13. september, klokka 1100.

Lavik: 26. september, klokka 12.00.

Bjordal: 20. september, klokka 11.00.

Ortnevik: 

Presentasjonsgudsteneste 2020

Høyanger: 08. august  kl:17.00

Kyrkjebø:  06. september kl:17.00

Vadheim:  

Lavik: 08. august kl:11.00

Bjordal: 06. september  kl. 11.00

Konfimatinnskriving - skjema - 2019-2020

Konfimatinnskriving - skjema - 2019-2020 (Mogleg å skrive direkte inn på skjema.)