Høyanger kyrkjelege fellesråd > Livsvegen > Vigsel

Vigsel

Vigsel 

Vigsel i kyrkja  

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup i kyrkja kan være enkelt eller påkosta. Bryllaupsfolk kan være unge eller godt vaksne, kvinne og mann, eller to av same kjønn. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ynskjer dette. Kyrkjemøtet vedtok i 2017 ein ny liturgi, som kan nyttast både av likekjønna og ulikekjønna par. Par som er borgarleg vigselen kan i tillegg ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.

 

Dei kan feire dagen med familie, slekt og venner, eller dei kan seie ja til kvarandre berre med prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup - i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Etter kyrkjemøtet sitt vedtak januar 2017, er det no mogleg å velgje to ulike liturgiar til bruk i seremonien. Har de særleg ynske om kva liturgi som skal brukast, ta kontakt med kyrkjekontoret i god tid.

 

Viktige skjema

SKJEMA - Vi ynskjer vigsel i Høyanger

Brosjyre om vigsel i Den norske kyrkja (pdf-format). Les meir om vigsel på heimesida til Den norske Kyrkja på kyrkja.no.

Vigselsavgift - gjeldande satsar. Vigselsavgift gjeld ved utanbygds vigsel.

Det er folkeregisteret (skattekontoret) som står for den juridiske prøvinga av ekteskapsvilkåra. Skjema kan frå 1. juni 2018 sendast inn elektronisk, sjå info om "Vegen til ekteskapet" på skatteetaten sine sider.

Både brud og brudgom skal fylle ut skjemaet Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra. Ved namneendring skal det sendast Meldingsskjema for namneendring til folkeregisteret. Forlovarane fyller ut Forlovererklæring. Dei som skal gifte seg i utlandet må ordne papirpene i Noreg. Nødvendige skjema fås òg på Folkeregisteret.

Det er Folkeregisteret som undersøker om dei som vil gifte seg oppfyller viklarane for ekteskap. Dette kan ikkje vigselspersonen gjere. Prøvingsattesten frå Folkeregisteret blir send til eit av brudefolka si bustadadresse. Vær ute i god tid. Behandlingstida kan vere inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging. Attesten skal leverast til den som skal gjennomføre vigselen. Den kan òg sendast direkte til vigsleren dersom denne adressa er oppgitt. Attesten er gyldig i fire månadar.

 

Tidlegare ekteskap

Dersom nokre av brudefolka har vore gift tidlegare, og folkeregisteret ikkje har registeret skilsmisse eller dødsfall, må personen legge fram bevis for at ekteskapet er stansa. Utanlandsk skilsmisseløyving eller dom må først godkjennast av fylkesmannen. Den som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet stansa, må i visse tilfelle ha erklæring frå tidlegare ektefelle om status i skifta.

 

Utanlandske statsborgarar

En utanlandsk statsborgar som ikkje er fast busette i Noreg må framlegga attest frå offentlege myndigheiter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det blir inngått ekteskap. I tillegg er det nødvendig med dokumentasjon på opphaldsløyve dersom ein ikkje allereie har arbeidsløyve, opphaldsløyve eller busettingsløyve.

 

Vigsleattest

Vigselspersonen melder vigselen til Folkeregisteret, som utestader vigsleattest. Brudefolka kan få med seg ei stempla melding om vigsel frå vigselspersonen. Denne gjeld som førebels attest og kan vere nødvendig ved bryllaupsreise i utlandet rett etter vigselen

 

Ta kontakt om det er noko de har spørsmål om.